| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | PRESTEGARDEN I lAVIK

Prestegarden, Lavik, Høyanger k.

495,- NOK INKL MVA

10,5 cm, bronse. Miniatyrsverd, 1:1 replika.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Miniatyrsverdet er ein 1:1 replika av eit sverd funne i 1940-åra i ein åker på Prestegarden, like vest for ferjekaien i Lavik. Minatyrar av funksjonelle sverd er vanlege i mannsgraver i yngre bronsealder (1100-500 før Kristi føding) i Danmark og Sør-Sverige. I Noreg kjenner ein berre tre eksemplar.

I eldre bronsealder hadde menn vorte gravlagde ubrende, i store kister av stein eller tre, med fullt utstyr av våpen, smykke og klede. Kring 1000 f.Kr. endra førestellingane om gravferd, død og etterliv seg - lika vart no kremerte, oske og bein vart sette ned i urner i små kammer av steinheller. Identiteten som sverdberande mann kom slik i skuggen - løysinga vart å lage ein minatyr som fekk plass i gravurna, saman med rakekniven og pinsetten.

I lys av funn av støypeformer frå Nyhamar, Gulen og Stedje, Sogndal, frå tida kring 1000 f.Kr., er det godt mogleg at miniatyrsverdet frå Lavik er støypt langs Sognefjorden ein stad.

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mann frå bronsealder, med kopiar av norske bronsefunn, og kopi av det sensasjonelle funnet av bronsealdersko frå Kvitingkjølen, Oppland.

Miniature sword from the Late Bronze Age (c. 900 B.C.), based on an original finding from Prestegarden, Lavik, in Høyanger kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad.

Miniaturschwert aus der Späte Bronzezeit (c. 900 v.Chr.) nach einem Orginalfund aus Prestegarden, Lavik, in der Høyanger Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

Sjå sensasjonsfunnet av ein sko frå bronsealderen frå Kvitingkjølen i Oppland.

 

.

Sjå jenta med blomen og familien frå Borum Eshøj på YOU TUBE, les meir her

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Korleis heldt Lavikbonden seg i takt med nye gravskikkar for 3000 år sidan, skikkar me elles kjenner berre frå Vestfold, Danmark og Sverige?

Vart mannen gravlagd her, var her vel også ein gard i bronsealderen? Korleis såg Lavik ut for 3000 år sidan - kor mykje var rydda til beite og åker, kor mykje folk var her?

Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!